Status om korona - nye smittetilfelle i Volda

Klikk for stort bileteTre av dei 28 smittetilfella som er meldt i Ørsta kommune hører heime i Volda. Desse var meldt 7. april, 8. april og 12. april. 

Status 13.04.21

Ei klasse ved Volda VGS er sett i karantene som følge av utbrotet i Ørsta. Vi fekk nyleg meldt om at 3 av dei 28 tilfella som er meldt i Ørsta kommune, hører til i Volda. Den eine personen er alt meldt om, frå 7. april. I tillegg så er det eitt tilfelle den 8. april og eitt 12. april. Smittesporingsteamet melder om at alle i klassen ved Volda VGS som skal i karantene har fått beskjed både skriftleg og munnleg. 

Personen som fekk stadfesta positiv koronaprøve i går kveld, 12.04.21, var i smittekarantene. Det er ingen nye nærkontaktar til dette tilfelle.
 
Vi minner om den forsterka TISK, og korleis ein skal forholde seg til nærkontakter, karantene og testing:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/testing-og-oppfolging-av-smittede/forsterket-tisk2/