Status om koronasituasjonen 14.01.21

Klikk for stort bilete CDC, Alissa Eckert

Volda kommune fekk i går kveld meldt om eit nytt smittetilfelle. Personen tok test 12. januar etter reise frå utlandet.

Personen var i reisekarantene og no sett i isolasjon. Personen har svært avgrensa nærkontaktar.

Det vart tatt 629 testar i veke 1, så langt denne veka er det tatt 297 testar i Ørsta og Volda.

Volda kommune har mottatt 25 vaksiner denne veka. I dag skal 20 pasientar på sjukeheimen ved Hornindal omsorgssenter få vaksine. I morgon skal 5 vaksiner bli gitt til kritisk helsepersonell. 

Neste veke vert resten av bebuarane på sjukeheim på Volda omsorgssenter vaksinert og vi skal starte å vaksinere dei som bur i omsorgsbustad.