Status om koronasituasjonen 18.11.20 

Klikk for stort bileteVolda kommune fekk i går kveld melding om to nye positive koronaprøver. Ingen av desse er knytt til utbrotet vi har hatt, og den eine personen har ukjent smittekilde

Har du luftvegssymptom?

Smitteoppsporingsteamet i Volda og Ørsta vil minne alle på at om du får luftvegssymptom, må du halde deg heime og avtale test med teststasjonen. Dette er heilt naudsynt, sjølv om du trur du berre er litt forkjøla. For mange kan koronasjukdom vere nettopp det, som ei forkjøling.

To nye positive koronaprøver

Volda kommune fekk i går kveld melding om to nye positive koronaprøver. Ingen av desse er knytt til utbrotet vi har hatt, og den eine personen har ukjent smittekilde. Alle nærkontaktar er varsla, men smittesporinga vil halde fram i håp om at vi finn kjelda. 13 nærkontaktar er sett i karantene. Nærkontaktane vil bli testa, og vi kjem tilbake med meir informasjon når resultata av desse prøvene er klare. Det vil tidlegast skje på kvelden torsdag melder kommuneoverlegen.

Ingen av dei smitta er tilsett i kommunen.

Til saman fekk Volda tre nye positive prøvesvar 17.11.20. Ein på ettermiddagen og to nye på kvelden.