Status om koronasituasjonen 19.11.20 kl 16.50

Klikk for stort bilete

Volda kommune har i dag fått svar på alle prøvene som blei tatt av nærkontaktar av dei positive tilfella på tysdag. Fire nærkontaktar har testa positivt.

Smittesporing har ikkje avdekt nye personar som må i karantene i lokalområde. Kommuneoverlegen ber alle som har luftvegssymptom om å teste seg. Vi har framleis eit smittetilfelle med ukjent smittekjelde.

 

Til saman har Volda kommune til no (19.11.20, kl 16.50) fått melding om 7 positive koronaprøver i veke 47:

  • 17. november fekk Volda kommune melding om 3 positive koronaprøver
  • 19. november fekk Volda kommune melding om 4 positive koronaprøver