Status i veke 8
I veke 8 (denne veka) har vi fått 100 doser av AstraZeneca-vaksinen. Folkehelseinstituttet har bestemt at desse dosane skal gå til helsepersonell (PDF, 180 kB). I tillegg skal dei som fekk vaksine i veke 5 (04. februar) få dose nummer 2. Dette er 120 personar. Desse får same type som dei fekk ved dose 1, Pfizer/BioNTech-vaksinen.
Volda kommune har kalla inn helsepersonell etter alder, 64 år og nedover. Dette gir ei fin fordeling, slik at det er tilsette på ulike avdelingar som får vaksine.
AstraZeneca-vaksinen er anbefalt for personar under 65 år, inkludert helsepersonell. Dokumentasjonen for eldre er mangelfull på denne vaksinen. For personar under 65 år med underliggande sjukdomar som gir særskilt høg risiko for alvorleg sjukdom, det vil seie personar i prioriteringsgruppe 4, vert tilrådd ei av dei to godkjente mRNA-vaksinene.
I veke 9 skal vi få tildelt 100 dosar til av AstraZeneza-vaksinen. Desse skal også gå til helsepersonell. I tillegg får vi vaksine til 2. dose 2 til dei som skal ha det.
Førre veke
I veke 7 vart det vaksinert til saman 90 personar på Hornindal legekontor. Vi kom i mål med 1. dose til gruppa som er 85 år og eldre. I tillegg starta vi på gruppa 75-84 år, og helsepersonell fekk vaksine.
Dei fleste som bur på sjukeheim har no fått dose 2. Dei som står igjen er personar som av ulike årsaker ikkje kunne ta vaksina ved første tildelingane. Det same gjeld gruppa 85 år og eldre som bur i omsorgsbustad.
Vaksinestatistikk:
Statistikk om koronavaksinasjon kan du sjå på fhi.no. Trykk på kartet og du ser tal på vaksinerte i den kommunen du vil.