Status på koronasituasjonen og vaksinasjon i Volda

Klikk for stort bileteIngen nye smittetilfeller i Volda, ingen i isolasjon eller i smittekarantene. Vaksinering av personar i gruppe 8, alder 64-55 år.

Status 02.06.21

Volda kommune har ikkje fått meldt om nye smittetilfeller. Det er ingen i isolasjon eller smittekarantene i Volda. Det vart testa 1,3 % av befolkninga i førre veke. Hittil denne veka er det testa 217 personar i Volda og Ørsta.

Vaksinestatus i veke 22

Denne veka fekk Volda 708 doser som skal settast. Dette må vi bruke 2 dagar på – onsdag 2. juni og torsdag 3. juni. Onsdag startar vi kl. 14.00 - 18.55 og torsdag kl. 10.00- 14.00.

Kor langt har vi kome?

Alle med underliggande sjukdomar, helsepersonell og 65+ har fått tilbod om time, og vi har starta på aldersgruppene 64–55 år.

Vi kjem trulig ned til alder 60 år neste veke. I veke 23 ventar vi om lag 500 vaksinedoser. Om tildelinga vert som førespegla kan vi komme ned til prioriteringsgruppe 10 (Alder 18-24 år og 40-44 år) i veke 28. Det er vanskeleg å slå fast noko sikkert då vi no har kome over på ei svært samansett gruppe, i tillegg til usikkerheit kring tildeling av vaksiner. Vi oppmodar alle om å møte til vaksinetimen som blir tildelt.

Intervall mellom vaksinedosene

Denne veka får alle som tek 1. dose 6 veker intervall fram til 2. dose. Frå veke 23 får alle som tek 1. dose 12 vekers intervall. Dvs. det skal gå 12 veker før du skal ta 2. vaksinedose. 

Fleire vil få SMS med feil oppmøtestad både denne veka og neste veke

Alle som fekk SMS og time på Samfunnshuset i april vil framleis få innkalling til 2. dose på Samfunnshuset. Dette problemet ligg hjå helsenorge.no og er vanskeleg å endre. 

Dette er prioriteringsgruppene

Nasjonale myndigheiter har bestemt kven som skal få vaksine først. Dette er per no (27.05.21): 

  • Gruppe 1: Bebuarar i sjukeheim
  • Gruppe 2: Alder 85 år og eldre
  • Gruppe 3: Alder 75-84 år 
  • Gruppe 4: Alder 65-74 år OG personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp
  • Gruppe 5:  Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 6: Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 7:  Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 8: Alder 55-64 år (VI STARTAR MED DENNE GRUPPA I VEKE 22)
  • Gruppe 9: Alder 45-54 år
  • Gruppe 10: Alder 18-24 år og 40-44 år
  • Gruppe 11: Alder 25-39 år
  • Gruppe 11: Alder 25-39 år
  • Prioritering av helsepersonell (nytt skriv frå fhi, juni 2021)