Statusoppdatering 19.11.21 Oppdatert kl 23.00

Volda kommune har i dag fått melding om totalt seks smittetilfelle med covid-19. 

Oppdatert informasjon 19.11.21 kl 23: 

Volda kommune fekk i kveld ytterlegare to nye smittetilfeller:

  • Den eine av desse er fullvaksinert, testa seg grunna symptom etter utanlandsreise og har ingen nærkontakter lokalt.
  • Den andre går i ei klasse med kjent smitte, og er truleg smitta på skulen. Vedkomande utløyser ingen nye nærkontakter.

Oppdatert 19.11.21 kl 17.00: To er smitta i husstanden, éin er smitta på skulen og den siste har førebels usikker smitteveg.

Følgande klasser er råka:

⁃ Ei 6. klasse på Øyra skule

⁃ Ei 3. klasse på Øyra skule

Føresette til elevane i 6. klasse vil verte informerte frå skulen og vil få hurtigtestar utlevert på skulen i dag.

I den aktuelle 3. klassa på Øyra skule har det vore fleire smittetilfeller den siste veka. Vi råder difor alle elevane i denne klassen som ikkje har fått påvist covid-19 til å ta ein PCR-test på teststasjonen i dag. Denne testen er meir følsom enn ein hurtigtest og vil truleg kunne fange opp fleire av smittetilfella og hjelpe med bryte smittekjeda. Skulen vil informere føresette om testtidene. Dersom nokon ikkje kjem seg til teststasjonen i dag, skal dei kontakte skulen for ei anna løysing.