Statusoppdatering om koronasituasjonen 09.09.21, kl 15.00 - nytt smittetilfelle

pixabay.com Volda kommune fekk i dag 09.09.21 meldt eit nytt smittetilfelle med covid-19. 

Status 09.09.21, kl 15.00

Volda kommune fekk i dag 09.09. meldt eit nytt smittetilfelle med covid-19. Vedkomande var nærkontakt til tidlegare kjende smittetilfeller, og utløyser få nye nærkontakter.

 

Vaksinering:

I dag er det vaksinering av 16 og 17-åringar. Litt informasjon til dei:

  • Personar som er nærkontakter til smitta, må ha fått 1 negativ test og vere symptomfri når dei kjem til vaksinering.
  • Dei som har fått påvist coronasjukdom og er 16 år og eldre, anbefalast 1 dose koronavaksine tidlegast 3 mnd etterpå.

Dette må vi alle huske på:

  • Test deg med ein gang du får symptom (framskynd ev. timen din!)
  • Hald deg heime når du er sjuk (dette gjeld også om du har fått negativ test)
  • Sei ja til vaksine! Vaksine er vegen ut av pandemien.

Dette er KARANTENEREGLANE i veldig korte trekk:

  • For alle over 18 år er det vaksinasjonsstatus som gjeld. Dei skal følge reglane som gjeld om dei er vaksinert med ei eller to doser eller er uvaksinert.
  • For dykk under 18 år har regjeringa bestemt at de skal sleppe karantene, dersom de vel å teste dykk i staden. Dette gjeld dersom ein IKKJE er husstandmedlem eller tilsvarande nærkontakt til den som er smitta.
  • I Volda og Ørsta har vi like reglar og vi har dei reglane som gjeld nasjonalt

Reglane for å teste seg UT AV KARANTENE for dei UNDER 18 ÅR

  • Når ein er nærkontakt til smitta person, skal ein ta test så snart som råd.
  • Ein må vere i karantene til ein får svar på første testen.
  • Dersom denne er negativ kan ein gå ut av karantenen (tilbake på skule/arbeid).
  • Når ein tek påfylgjande testar (to testar med 48 timar mellomrom, gjerne på dag 3 og 5) treng ein ikkje å vere i karantene til ein får svar.
  • Dersom ein kjenner symptom skal ein ta test med ein gang (framskynd ev. timen din!)