Statusoppdatering om koronasituasjonen 22.11.21 kl 14.00

Volda kommune har fått melding om to nye smittetilfeller i går og eit i dag.

Volda kommune fekk i går ettermiddag melding om to nye smittetilfeller med covid-19. Éin er husstandsmedlem med tidlegare kjende smittetilfeller og var fullvaksinert. Den andre har usikker smitteveg, og testa seg grunna symptom etter innanlandsreise.

Volda kommune har i dag mandag 22.11. fått melding om eit nytt smittetilfelle med covid-19. Vedkomande har vore i nærkontakt med eit kjent smittetilfelle og var delvaksinert.