Statusoppdatering om koronasituasjonen 24.11.2021 kl 22.00

Volda kommune har i dag 24.11. fått melding om totalt 6 nye smittetilfeller med covid-19. Alle desse har vore i nærkontakt med tidlegare kjende smittetilfeller.

Ein av dei smitta har vore i ei avdeling i Øyra barnehage, føresette vil bli informert og få utlevert hurtigtestar i barnehagen i dag.

Ein av dei smitta har vore på Nytt liv senter i Ørsta 21.11. Kommunen ber difor om at alle som har vore der er merksame på symptom og tek test. Alle uvaksinerte bør ta ein test sjølv om dei ikkje har symptom.