Statusoppdatering om koronasituasjonen 25.11.21 kl. 18:00

 Volda kommune har i dag 25.11. fått melding om fire nye smittetilfeller med covid-19.

Alle fire er nærkontakter med tidlegare kjende smittetilfeller. to var fullvaksinert og to er uvaksinerte.

Ei 6. klasse på Øyra skule har no fått eit nytt påvist smittetilfelle, og dei vil difor få utlevert nye hurtigtestar. Føresette vert varsla av skulen. Minner om at det er viktig at nærkontakter som får symptom tek ein PCR-test, ein kan då ikkje stole på ein negativ hurtigtest åleine.

Melding frå Oppvekst og Øyra skule:

Det er konstatert Covid-19 smitte i 6B på Øyra skule, noko som gjer at Smittesporingsteamet har fylgjande melding:

  • Alle elevane møter som vanleg på skulen.
  • Elevane i klasse 6B skal gjennomføre to hurtigtestar med 24-timars mellomrom. Testane er delt ut på skulen i dag. Dersom ein test er positiv skal eleven testast på teststasjonen i Hovdebygda.
  • Det er VIKTIG at heimane fyl godt med og sjekkar om eleven utviklar symptom, då skal han/ho haldast heime og testast på teststasjonen.