Statusoppdatering om koronasituasjonen 27.03.21 - nytt smittetilfelle

Klikk for stort bileteSistoppdatert: 27.03.21, kl 15.00 

Status 27.03.21, kl 15.00

Kommunen har fått informasjon om at personen som fekk påvist koronasmitte i går kveld var passasjer på flyet som gjekk frå Bergen til Ørsta/Volda lufthavn Hovden 24.03. kl 19.45 - 20.30, flightnr. WF178. Dei som har tatt dette flyet vert ikkje rekna som nærkontakter, og vert ikkje pålagt karantene. Kommunen ber likevel dei som har tatt dette flyet og no oppheld seg i Volda eller Ørsta kommune, om å bestille seg ein test på teststasjonen i Hovdebygda måndag 29.03. Dei aktuelle passasjerane skal også få varsling på SMS frå flyselskapet.

(Dersom det er nokon med koronasmitte på fly vert det publisert på FHI; https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/koronavirus-og-covid-19-pa-offentlig-kommunikasjon/ ). Denne flyruta er ikkje publisert enno, men vi reknar med at den vil kome på lista ved neste oppdatering, då det er meldt til FHI

Status 27.03.21, kl 09.00

Volda kommune fekk melding om eit nytt smittetilfelle seint fredag kveld, 26.03.21. Personen kom tilreisane den 24.03.21. Vedkomande testa seg utan å ha symptom. Smittevegen er truleg kjent. Smittesporing pågår.

Vedkomande tok test slik det vert oppmoda om, noko som har gjort at vi raskt kunne kome i gang med smittesporing, isolering og karantenesetting.

Vi minner om dei oppdaterte smitteverntiltaka frå regjeringa.

Råd til dei som likevel vel å reise på ferie til Volda

  • Ha få kontaktar siste tida før ferien
  • Vurder å teste deg ved ankomst
  • Hald deg med få kontaktar medan du er i Volda
  • Unngå større folkeemengder

Råd til dei som likevel reiser vekk på ferie

  • Vurdere kvar de reiser
  • Nødvendigheita av reisa
  • Hald deg med få kontaktar medan du er på ferie
  • Unngå handlesenter, folkesamlingar, m.m.

Råd til studenten som vender tilbake

  • Få kontaktar på ferie
  • Gå i sjølvpålagt "karantene" den siste tida før retur
  • Test deg ved retur dersom du er usikker på eigen situasjon
  • Hald deg med få kontaktar den første tida etter retur
  • Kanskje komme tilbake i god tid før skulen startar opp.

Vi minner om dei generelle reglane, hald avstand, reine hender, bli heime og test deg om du er sjuk.

Informasjon om koronatiltak til påska 2021