Statusoppdatering om koronasituasjonen 8. og 9. januar

Klikk for stort bilete CDC, Alissa Eckert

Volda kommune har fått stadfesta eit nytt smittetilfelle  08.01.21. Personen som har testa positivt for covid-19 er tilsett ved Øyra skule.

Status 09.01.21

Personen som har testa positivt på Covid-19 var på Family Sport Club om kvelden 5. og 6. januar. 8 deltakarar på ein gruppetime er sett i karantene. Alle som har vore på treningssenteret på tidspunkta som er nemt over, må følge ekstra nøye med på mulige symptom og ha låg terskel for å teste seg.

Det er no 58 personar i karantene. Smittekjelda er ukjent og ein arbeider med å finne smittekjelda.

Fordi det er ukjent smittekjelde må alle vere ekstra på vakt og ha låg terskel for å teste seg.​​​​​​​

Status 08.01.21 kl 19.30

Volda kommune har fått stadfesta eit nytt smittetilfelle i kveld 08.01.21. Personen som har testa positivt for covid-19 er tilsett ved Øyra skule. Elevane og tilsette som skal i karantene får melding om det direkte frå Volda kommune. Smittesporing og kartlegging pågår.