Statusoppdatering om koronasituasjonen tysdag 23.11.21 kl 17.00

 Oppdatert statusinformasjon: Volda kommune fekk i dag 23.11. melding om totalt fem nye smittetilfelle med Covid-19.

Ein er har vore på reise i utlandet,ein har ukjend smitteveg medan tre har vore i nærkontakt med tidlegare kjende smittetilfeller. Tre av dei smitta er uvaksinerte.

Følgande skular er råka:

  • Ei 6. klasse på Bratteberg skule
  • Ei 10. klasse på Volda ungdomsskule

Føresette vert informert av skulen og vil få hurtigtestar utlevert på skulen i dag. Testing og tilrådingar for uvaksinerte og delvaksinerte nærkontakter på skular:

Nærkontakter på skulen utan symptom:
- Bør ta to hurtigtestar med 24 timers mellomrom.
- Dersom hurtigtestane er negative går ein på skulen som normalt så lenge ein kjenner seg frisk.
- Bør følge godt med om ein utviklar symptom dei neste 10 dagane, dersom ein vert sjuk bør ein ta ein PCR-test på teststasjonen.

Nærkontakter på skulen med symptom:
- Bør vere heime frå skulen og ta ein PCR-test på teststasjonen.
- Dette gjeld óg ved milde symptom.
- Ein kan ikkje stole på ein negativ hurtigtest dersom ein er nærkontakt og har symptom.