Statusoppdatering om koronasmitte 16.07.21 - analyseresultat

Klikk for stort bilete

Det har no kome svar på mutasjonsanalysen på det positive tilfellet meldt i går 15.07. Det er sannsynlegvis delta-varianten.

Oppdatering 16.07.21 kl 15.35

Det har no kome svar på mutasjonsanalysen på det positive tilfellet meldt i går 15.07. Det er sannsynlegvis delta-varianten.

Dette vil ikkje føre til ekstra tiltak no anna enn at alle må ha låg terskel for å teste seg og følge dei nasjonale smitteverntiltaka. Det er mogleg at prøven vert sendt til endelig sekvensering på FHI, det tek då nokre veker å få eit heilt sikkert svar. Ut frå dagens mutasjonsanalyse kan laboratoriet svare at det sannsynlegvis er deltavarianten.

Statusoppdatering om koronasmitte 15.07.21 

Volda kommune fekk i dag 15.07. melding om ei ny positiv koronaprøve. Vedkomande var fullvaksinert og testa seg pga. milde symptom.

Smitten skriv seg truleg frå ein annan del av landet. Éi nærkontakt i Volda kommune har blitt testa i dag.

Vi minner difor om at det er viktig at ein testar seg ved symptom sjølv om ein er vaksinert, då ein likevel kan verte smitta. Dette gjeld også om ein «kun» har milde symptom. Dersom ein er tilreisande til kommunen frå andre stader i landet med høgt smittetrykk eller frå «grønt land», bør ein teste seg nokre dagar etter at ein har kome heim. Ein treng då ikkje å vere i «karantene» i påvente av prøvesvaret.

  • Her kan du bestille test elektronisk
  • Telefon til teststasjonen: 700 58 960
  • Telefontid: 09.00-12.00 (sommartid f.o.m. 28.06.21)
  • Teststasjon: Langemyra 3 i Hovdebygda

Dersom du bestiller test elektronisk fordi du er tilreisande, ber vi om at du oppgir kvar du kjem ifrå og kva tid du kom i bestillinga.