Statusoppdatering om koronastiuasjonen 10.09.21, kl 15.30 - to nye smittetilfelle

pixabay.com Volda kommune fekk i dag 10.09. melding om to nye smittetilfelle med covid-19. Begge har vore i nærkontakt med tidlegare kjende smittetilfelle.

Status 10.09.21, kl 15.30 - to nye smittetilfelle

Volda kommune fekk i dag 10.09. melding om to nye smittetilfelle med covid-19. Begge har vore i nærkontakt med tidlegare kjende smittetilfelle. Desse utløyser få nye nærkontakter. Nokre elevar ved Volda VGS har fått beskjed om å ta ein ekstra test i starten av neste veke.

Minner om at elevar som går på skular der det har vore fleire smittetilfelle bør halde seg heime og bestille test dersom dei får symptom. Dette er viktig sjølv om ein ikkje er nærkontakt med eit kjent smittetilfelle, eller dersom ein har vore i eit testregime og vert sjuk etter siste test.