Stenging av Engesetvegen

Måndag startar arbeidet med oppgradering av Engesetvegen og del av vegen vert stengt.

Volda kommune skal i vår oppgradere Engesetvegen på strekket mellom rundkøyringa og Kleppevegen.

Arbeidet omfattar oppgradering av vegen, nye vass- og overvassleidningar, oppgradering av belysning, samt støyskjerming av eksisterande bustadar.

 

Vegen vil verte stengt etappevis. Første parsell, mellom rundkøyringa og krysset med Ottamarka, vil verte stengt frå måndag 17. januar. Denne strekninga vil verte stengt ut februar.

Neste etappe som vert stengt er strekket mellom Ottamarka og Sevrinhaugen. Når dette strekket vert stengt, vil strekket mellom rundkøyringa og Ottamarka gjenopnast slik at trafikken frå Ottamarka får tilkomst til Storgata. Strekket mellom Ottamarka og Sevrinhaugen vil verte stengt mellom mars og påske.

Resten av vegen opp til krysset med Kleppevegen vil i hovudsak verte gjennomført med innsnevra veg med moglegheit for å passere begge vegar.

I perioda 17. januar til 1. mai vert busstrafikken omlagt frå Engesetvegen til Storgata – Lærarskulebakken – Kårstadvegen. Det vert midlertidige haldeplassar i Storgata nær krysset med snarvegen.

Gjennom anleggsperioda vil vatnet måtte stengast ved fleire anledningar grunna nedsett av nye vasskummar og ny vassleidning. Dette vert nærare varsla.

Prosjektleiar hjå Volda kommune er Ivar André Skare. Kveen AS er entreprenør for arbeidet.

Kontakt

Ivar Andre Skare
prosjektleiar
E-post