Stikk UT!–maraton

Klikk for stort bileteDen neste veka ventar ny utfordring med sjanse til diplom og premie.

Friluftsråda i Møre og Romsdal ønskjer å vere med på den landsomfattande markeringa av Friluftslivets veke, 31. august - 8. september. Det gjer vi ved å invitere nye og gamle Stikk UT! -deltakarar til å vere med på ei spennande utfordring, Stikk UT!-maraton!

Kor mange turar kan vi klare å gå denne veka? Alt er basert på det kjente Stikk UT! -konseptet, med dei 398 turmåla å velje mellom i dei 30 kommunane som er med.

Denne veka blir friluftsliv sett på dagsorden, og dette er vårt bidrag blant mange små og store arrangement rundt om i heile landet. Vi meiner sjølv at Stikk UT! er beste turtrimmen i landet, og gjennom denne utfordringa kan vi vise det til resten av landet også.  

Ny utfordring

Kor mange Stikk UT! turar klarer du/vi å gå i løpet av dei ni dagane friluftslivets veke varer?

Du bestemmer sjølv kva for Stikk UT! -turar du vil gå. Det er heilt greitt gå til det same turmålet kvar dag, det er talet på turar som tel, ikkje talet på ulike turmål.

Samtidig blir dette en utfordring til kvar og ein av oss om å legge inn nokre ekstra Stikk UT! - turar i ei tid på året då det kan vere lett for at tur-aktiviteten dabbar av. Sett deg eit personleg mål og ta så mange turar du kan.

Ofte trengs det litt motivasjon for å kome seg ut. No på hausten kan det være ekstra tungt å kome seg over dørstokken, når kveldane er mørkare og om vêret er dårleg. Men om du tek ein tur kvar dag, så får du faktisk 9 turar i Friluftslivets veke.

Gamle og nye deltakarar er velkomne

Turane skal registrerast på vanleg måte og er med i den ordinære Stikk UT!. Men i tillegg blir det ei eiga toppliste for desse ni dagane.

Den som ikkje vil stå på topplista, kan sjølvsagt reservere seg mot det. Turane blir uansett registrerte i den ordinære lista. På denne måten finn vi ut kor mange turar som blir gått denne veka, og vi kan vise resten av landet kor turglade vi i Møre og Romsdal er.

Dette er også ei fin anledning for dei som ikkje har nådd kravet enno om sju turar (seks for barn under 10 år) for å kunne kjøpe det populære Stikk UT! -kruset, skåla eller T-skjorta.

Daglege premiar og diplom

Kvar dag kl.09.00 trekkjer vi flotte premiar, alle turar som blir registrerte innan kl. 24.00 dagen før er med.

Når veka er slutt, trekkjer vi ein hovudpremie. Premiar og vinnarane blir publiserte på nett- og facebook-sidene til friluftsråda i Møre og Romsdal. 

Alle som registrerer 7 turar eller meir, får ein eigen Stikk UT! -maraton diplom med namn og tal på turar.  

Friluftslivets veke

Friluftslivets veke er ei årleg markering av norsk natur og friluftsliv – heile Noreg blir invitert med ut på tur!

Over heile landet kan du delta på spennande friluftslivsaktivitetar i regi av lokale lag og foreiningar, organisasjonar, friluftsråd og kommunen der du bor. Friluftslivets veke har som mål å få fleire ut i naturen, ha det gøy og skape gode minner!

Det er Norsk Friluftsliv og dei norske friluftslivsorganisasjonane som står bak.

Friluftslivets veke har blitt arrangert sidan 1993, og er alltid frå første helga i september. I 2018 vart det registrert over 1300 arrangement i aktivitetskalenderen for veka.

Besøk aktivitetskalenderen for Friluftslivets veke for å sjå kva for arrangement som er der du bor!

Kontaktinformasjon

Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal,  Marte Melbø, marte@stikkut.no    tlf: 47 25 20 12
Sunnmøre friluftsråd, May Britt Haukås, may@friluftsraadet.no  tlf: 97 70 96 53

Kontakt

Ulrik Vik Nakken
folkehelse- og frisklivskoordinator
E-post
Mobil 917 29 469