StikkUt! Vinterfottur er rett kring hjørnet- har du innspel til turmål?

StikkUt! Vinterfottur er rett kring hjørnet- har du innspel til turmål?

Logoen til stikkut vinter, bilete av strekfigur med ryggsekk - Klikk for stort bilete stikkut.no

Som medlem i Sunnmøre Friluftsråd kan vi nytte turkonseptet StikkUT!

StikkUT! konseptet kjem i 3 variantar: StikkUt!, StikkUt! Ski og StikkUt! Vinterfottur.

StikkUt! Vinterfottursesongen er frå 15. desember- 10. april, og vi ønsker difor innspel og ønsker kring aktuelle vinterfotturar i kommunen.

Det er nokre kriteriar som er viktige i høve val av vinterfottur:

  • Turskildring i www.morotur.no
  • Sjå til at turmålet ikkje er i konflikt med sårbart dyreliv
  • Avklaring med grunneigar
  • Nærturar der folk bur
  • Tilgjengeleg parkeringsplass
  • Solid underlag som tåler slitasje vinterstid
  • Vintertilhøve, ikkje fare for snøskred eller is-sprang
  • Variasjon i innan grøne og blå turar

Frist for innspel: 13.10.22

Har du ein tur du ønsker skal vere med i år? Registrer den på skjemaet under.

Har du framlegg til Stikk UT! Vinterfottur? 

Meld inn turforslaget her