Strandryddeaksjon 29 april-5 mai

Volda og Ørsta reinhaldsverk inviterer til årets strandryddeaksjon 29 april-5 mai.
Sekkar og hanskar hentar du på frivilligsentralen, inngang helsestasjon (ved leikeapparatet) fredag 26. april fram til kl. 16.00. 
Har du lyst å vere med, men veit ikkje kvar? Ta kontakt med oss! Ring gjerne: 917 25 639

Klikk for stort bilete

 Slik gjer du:

  • Alle ryddeaksjonar må registrerast på Hold Norge Rent sin ryddeportal, helst før du hentar utstyr til rydding.
  • Når du registrerer ryddeaksjonen på Hold Norge Rent sin ryddeportal, hugs å tilknytt aksjonen til Volda og Ørsta Reinhaldsverk, eller send ein mail til ina@vor.no med aksjonskode, tal på deltakarar og kva område som vert rydda. Du kan også ta kontakt med VØR, som kan opprette ein aksjon for deg.
  • Utstyr til rydding får du gratis hjå VØR sin miljøstasjon i Hovdebygda, Frivilligsentralen i Volda kommune og Parketaten i Ørsta Kommune. Vi vil oppmode frivillige til å bringe det innsamla avfallet sjølv til miljøstasjonen. Tilhengar kan ein låne gratis på VØR.
  • Hugs å oppgi aksjonskode når du leverer og veg avfallet i vekta på miljøstasjonen. VØR vil føre inn vekt og avslutte aksjonen.
  • Ved store mengder avfall skal det avtalast eit samlepunkt for avfallet.
  • Henting av avfall frå strandryddeaksjonar kan avtalast med VØR, Parketaten i Ørsta ved Olav Saure og Parkvesenet i Volda ved Hildegunn Mork. Ved behov for skyss av avfall med båt kan ein kontakte Bjørkedal kystlag ved Svein Arnesen.

                                                                        Takk for innsatsen!