Strandryddeveka 2023

Strandryddeveka 2023

Elise Sandvik Meland, plan- og miljørådgjevar i Volda kommune viser fram brosjyrar, sekkar og handskar som vert delt ut til dei som vil delta i strandryddeveka. Biletet er teke i fjæra ved Garvarbuda. - Klikk for stort bileteElise Sandvik Meland, plan- og miljørådgjevar i Volda kommune viser fram brosjyrar, sekkar og hanskar som vert delt ut til dei som vil delta i strandryddeveka. Volda kommune

– Vil du vere med å gjere ein innsats for naturen i ditt nærmiljø? spør Elise Sandvik Meland, plan- og miljørådgjevar i Volda kommune. Strandryddeveka 2023 er Norges største nasjonale ryddedugnad, og vert arrangert over heile landet 8.–17. september 2023.

Strandryddeveka er for alle!

– Ryddedugnad langs elvar, ved vatn, på strender, i nærmiljøet og i andre område der du ferdast bidreg til ein reinare natur, seier miljørådgjevaren.

– Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt!


Det er enkelt å vere med:

 

  • Velg kvar og når du skal rydde
  • Registrer gjerne ryddeaksjonen din på www.ryddenorge.no eller i appen "Rydde", og velg Volda og Ørsta reinhaldsverk som mottakar.
  • Rydd valfritt område
  • Avfallet kan kastast gratis på Volda og Ørsta reinhaldsverk

 

Gratis hanskar og strandryddesekkar kan hentast på følgjande stader:

Gratis hanskar og strandryddesekkar kan hentast på følgjande stader:
STAD OPNINGSTIDER
Rådhuset i Volda Måndag til fredag, kl. 9.00–15.00
Smia på Grodås Måndag, onsdag og fredag kl. 9.00–15.00
Volda og Ørsta Reinhaldsverk Mandag, onsdag - fredag kl. 08.00–15.30
Tysdag kl. 10.00–19.00
Laurdag kl. 09.00–12.00
Spinneriet (ved Rema 1000) Måndag–fredag kl. 07.00–23.00
Laurdag kl. 07.00–16.00
Coop Marked Folkestad Måndag - laurdag kl. 07.00–23.00

Vanskeleg å få levert innsamla avfall?

VØR og Styrk samarbeider om henting av innsamla avfall. For å bestille henting kontakt VØR på firmapost@vor.no.

Spørsmål? Kontakt Volda kommune v/ plan- og miljørådgjevar Elise Sandvik Meland

Kontakt

Elise Sandvik Meland
plan- og miljørådgjevar
E-post
Mobil 94 78 27 51