Strengare nasjonale tiltak for å avgrense smitten

Nye nasjonale tiltak trådte i kraft frå 15. desember.

Dette betyr mellom anna:

Under følgjer ei oppsummering av dei nye nasjonale råda og reglane

Avstand og sosial kontakt

Essensen i råda og tiltaka er at vi må halde avstand og tenke gjennom kor mange nærkontaktar vi har. Frå no blir karantene obligatorisk for nærkontaktar av smitta.

  • Hald 1 meter avstand til andre enn dei du bur samen med og tilsvarande nære. Unntak for barn i banehagar og barneskular, og ved utføring av teneste for barn og unge/sårbare grupper.
  • Du bør ikkje ha meir enn 10 gjestar heime i tillegg til dei du bur med. Det bør vere 1 meter avstand mellom gjestane.
  • Risikogrupper og uvaksinerte bør skjerme seg.
  • Treff andre utandørs om mogleg.
  • Reduser talet på nærkontaktar, men ikkje isoler deg.

 

Idrett og organiserte fritidsaktivitetar

Bør gjennomførast utandørs så langt det er mogleg for alle aldersgrupper.

Barn og unge under 20 år:

  • Barn til og med ungdomsskule: utandørs er det anbefalt gruppestørrelse etter nivå i trafikklysmodellen i skulen. Innandørs gruppestørrelse på maks 20 personar eller etter klasse/kohort.
  • Barn/unge som er ferdige med ungdomsskulen bør holde meteren også ved gjennomføring av fritidsaktivetar.

Vaksne over 20 år:

  • Innandørs: Anbefalt avlyst/utsett
  • Utandørs: Anbefalt maks 20 personar og 1 meter avstand

 

Arbeidsliv

  • Arbeidsgjevarar er pålagt å sørge for at tilsette arbeider heimanfrå dersom dette er praktisk mogleg og ikkje til hinder for viktig og nødvendig verksemd på arbeidsplassen.
  • Alle bør halde 1 meter avstand på arbeidsplassen.

 

Karantene og isolasjon

  • Dersom du testar positivt for Covid (hurtigtest eller PCR skal du umiddelbart gå i isolasjon og varsle dei som har vore dine nærkontaktar dei siste 48 timane før du fekk symptom - eller dersom du ikkje har symptom - 48 timer før du tok testen.
  • Ved positiv HURTIGTEST melder du kommunen via heimesida. Smittesporingsteamet vil ta kontakt med deg så snart dei er ledige. Her får du hjelp til å kartlegge kven som har vore dine nærkontaktar og om kor lenge du skal vere i isolasjon.
  • Frå 15. desember gjeld følgjande:
    • Isolasjon i 6 dagar
    • Karantene
      • Hustandsmedlem eller tilsvarande nære skal vere i karantene i 10 dagar, men kan teste seg ut etter 7 dagar ved negativ PCR. Ta ein test (hurtigtest eller PCR med ein gong du får vite at du er slik nærkontakt. Karanteneplikta gjeld ikkje dersom du har hatt COVID siste 3 mnd, har fått 3. dose for minst 1 veke sidan - men derimot må du teste deg kvar dag med hurtigtest eller annan kvar dag med PCR i 7 dagar. 
      • Andre nærkontaktar skal vere i karantene i 10 dagar, men kan gå på jobb eller skule om du testar negativt på PCR-test tatt tidligst 3 dagar etter kontakten. På fritida må du være i karantene til negativ PCR på dag 7 og negegativ ny PCR. Karanteneplikta gjeld ikkje dersom du har hatt COVID siste 3 mnd, har fått 3. dose for minst 1 veke sidan eller er under 18 år.

Her kan du finne meir informasjon om smittekarantene og isolasjon.

 

Arrangement

Det er innført påbod om munnbind på innandørs arrangement.

  • Private samankome: (jubileum, julebord, fest etter seremoniar mm) Maksimalt 20 personar innandørs på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale. Utandørs kan de vere maksimalt 50. 
  • Det er gjort unnatak for minnestund etter gravferd. Her er grensa maks 50. Sjølve gravferda er eit offentlege arrangement (sjå under).
  • Offentlege arrangement: Innandørs: Maksimalt 20 personar. Men opptil 50 kan delta om dei sit på faste tilviste plassar under heile arrangmentet.
  • Utandørs: Inntil 100 personar utan faste tilviste plassar, men inntil 200 x 3 kohortar med faste, tilviste plassar.
  • Arrangør skal sørgje for at alle deltakarane held avstand (minst 1 meter) til alle som ikkje er husstandsmedlemmar. Arrangør skal også registrere kven som deltek på arrangementet for å forenkle smittesporing.
  • Ved kyrkjevandring i kristne trudomssamfunn kan nye deltakarar kome inn kontinuerleg når andre går ut.

 

Uteliv

  • Det vil ikkje vere lov å skjenke alkohol, korkje på arrangement eller serveringsstadar.
  • Serveringsstadar er pålagt å sørgje for at gjestande held minst 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmar.
  • Serveringsstad kan ikkje leggje til rette for eller gjennomføre aktivitetar som naturleg inneber mindre avstand enn 1 meter (til dømes dansing).

 

Munnbind

Det er påbod med munnbind følgande stader:

  • Når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde/venterom.
  • Hos frisørar, hudpleiarar og andre ein-til-ein-verksemder.
  • På innandørs arrangement, i bibliotek og museum.
  • Påbodet gjeld ikkje medan du sit ved eit bord på serveringsstad eller et eller drikk sitande.

Det er allereie ei nasjonal anbefaling å nytte munnbind der det er mykje folk og vanskeleg å halde avstand.

 

Skular og barnehagar

  • Barnehagar og grunnskule skal drifte på gult nivå. Lokale bestemmelsar om raudt tiltaksnivå går foran nasjonalt bestemt gult nivå.
  • Vidaregåande skule og vaksenopplæring skal drifte på raudt nivå.
  • Universitet, høgskuler og fagskuler må tilrettelegge for digital undervisning.

Du finn meir om dei nye råda og reglane på regjerningen.no