Strenge tiltak i Ålesund, Sula og Giske

Sulafjellet mot Ålesund - Klikk for stort bilete

Ålesund, Sula og Giske kommunar har innført lokale forskriftsfesta tiltak som vart sett i verk 21. mars, kl 24.00. Desse råda og påboda bør du også følge om du kjem til Volda frå ein av desse kommunane.

Volda kommune har ikkje strengare reglar og råd enn dei som gjeld nasjonalt, men dersom du kjem tilreisande frå ein kommune med strengare lokale tiltak, bør du følgje desse, også under opphald i Volda.

Førebels forskrift om tiltak for å førebygge koronasmitte (Covid-19) i Ålesund kommune i Møre og Romsdal.

Vi har felles handelssenter, arbeidsmarknad og ski/hytte område med kommunane Ålesund, Sula og Giske. Vi oppmodar difor om at dei som bevegar seg mellom desse kommunane følger tiltaka som er innført i forskrifta, også under opphald i Volda.

Det er innført § 6. Påbod om heimekontor.

For dei som bur i Ålesund, Sula og Giske kommunar er det påbod om heimekontor. Vi oppmodar alle som bur i desse kommunane, og jobbar i Volda kommune, om å ha heimekontor dersom det er praktisk mogleg. Dette gjeld også for dei som bur i Volda og arbeider i Ålesund.

I forskrifta står det:

«Arbeidsgivarar skal sørge for at tilsette arbeider heimanfrå så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgivarar skal kunne dokumentere at det er gitt beskjed til dei tilsette om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.»

Følg alltid dei strengaste råda

Du bør unngå all unødig reise. Dersom du reiser mellom kommunar bør du følge reglane til den kommunen som har dei strengaste reglane og råda. Reiser du frå Ålesund eller Oslo, så bør du følgje råda som gjeld i desse kommunane, også under opphald i Volda.

Du bør ikkje gå på treningssenter i Volda om du kjem frå ein kommune som har stengt desse tilboda.

Du bør ikkje oppsøke trus- og livssynshus, kulturarrangement eller andre arrangement om du kjem tilreisande frå ein kommune som har stengt desse tilboda.

Du bør bruke munnbind dersom det er påbod om bruk av munnbind i kommunen du kjem frå.

Studentar

Studentar som bur annan stad i landet, og som ikkje har nettverk der dei oppheld seg, kan reise heim til påske. Det vert vurdert som nødvendig reise. Tilreisande bør følge reglane og råda som gjeld der dei kjem tilreisande frå. Dei første dagane bør dei også passe på å halde tal på nærkontaktar lågt og vere ekstra nøye med smittevernreglane.