Student som har meldt flytting til Volda?

Volda Næringsforum Det er sett søknadsfrist for haustsemesteret for å søke om Voldakortet for studentar til 31. oktober 2021. Frist for å hente kort som er innvilga er 30. november.

Studentar som melder flytting til Volda *(sjå vilkår) kan søke og få Voldakortet til ein verdi av kr 5000. 

  • Søknadsfrist haustsemesteret er 31. oktober 2021

Eg har informasjonen eg treng, ta meg direkte til søknadsskjema.

 

Hente kort: 

  • Neste hentetidspunkt for Voldakortet er: Torsdag 14. oktober kl 11.30-13.30, kantina på Berte Kanutte-bygget, Høgskulen i Volda.
  • Frist for å hente innvilga voldakort er 30. november 2021 

NB! Dei som ikkje har henta innvilga kort innan fristen, må søke på nytt.

 

*Vilkår

  1. Du må vere heiltidsstudent ved Høgskulen i Volda, ha gyldig studentbevis og betalt semesteravgift.
  2. Du må vere norsk eller utanlandsk statsborgar med norsk personnummer, og ha meldt flytting til Volda. Ordninga gjeld ikkje om du flyttar til Volda frå nabokommunar og kommunar på søre Sunnmøre, dvs. frå: Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stad, Stranda og Stryn.
  3. Internasjonale studentar som flyttar til Volda for å studere over fleire studieår, kan søke om Voldakortet for studentar. Du må legge fram dokumentasjon på at du skal studere i Volda over fleire år. 
  4. Du må ha meldt flytting til Volda i løpet av dei 2 siste åra og kunne leggje fram bustadattest på folkeregistrert adresse i Volda.
  5. Du kan søke ordninga ein gong.
  6. Du pliktar å vere folkeregistrert i Volda kommune under heile studietida ved Høgskulen i Volda.
  7. Voldakortet vert utstedt etter framlagt dokumentasjon på meldt flytting og betalt semesteravgift, samt krav i punkt 3.

Her kan du lese meir om ordniga.