Studentar kan no søke Voldakortet

Klikk for stort bileteEr du heiltidsstudent og har meldt flytting til Volda, kan du få Voldakortet til ein verdi av kr 5000. Foto: Volda Næringsforum.

Eg har informasjonen eg treng, ta meg direkte til søknadsskjema.

 

For å kunne søke om Voldakortet for studentar må desse vilkåra vere oppfylt:

  1. Du må vere heiltidsstudent ved Høgskulen i Volda, ha gyldig studentbevis og betalt semesteravgift.
  2. Du må vere norsk eller utanlandsk statsborgar med norsk personnummer, og ha meldt flytting til Volda frå ein annan kommune i Noreg. Ordninga gjeld ikkje om du flyttar til Volda frå nabokommunar og kommunar på søre Sunnmøre, dvs. frå: Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stad, Stranda og Stryn.
  3. Du må ha meldt flytting til Volda i løpet av dei 2 siste åra og kunne leggje fram bustadattest på folkeregistrert adresse i Volda.
  4. Du kan søke ordninga ein gong.
  5. Du pliktar å vere folkeregistrert i Volda kommune under heile studietida ved Høgskulen i Volda.
  6. Voldakortet vert utstedt etter framlagt dokumentasjon på meldt flytting og betalt semesteravgift.

Les meir om ordninga: https://www.volda.kommune.no/sio