Studentinsentivordning for tilflytta studentar

Internasjonal dag på Høgskulen i Volda - Klikk for stort bileteFrå dette semesteret vil Volda kommune tilby Voldakortet til ein verdi av kr 5000 til studentar som melder flytting til Volda.

Voldakortet kan nyttast til lokal handel, medlemskontingentar, kulturopplevingar, treningssenter, velvere og mykje meir.

Ordninga gjeld tilflytta studentar frå norske kommunar utanfor Søre Sunnmøre og nabokommunane, Stad, Stranda og Stryn.

Det vert opna for å søke ordninga i løpet av hausten 2020.

 

Denne ordninga vart vedtatt i kommunestyremøte den 18.06.20 i sak 66/20. Ordninga er gitt ei prøvetid på tre år og vert sett i gong hausten 2020.