Tek i bruk digital innbyggardialog

Klikk for stort bileteKommunane på søre Sunnmøre skal denne hausten ta i bruk digital innbyggjardialog. Helsenorge.no  Kommunane på søre Sunnmøre skal ta i bruk digital innbyggardialog via Helsenorge.no denne hausten.

Dei 7 kommunane på søre Sunnmøre er kjend for gode samarbeid seg i mellom og «Sjustjerna» er blitt eit begrep langt utanfor våre region.

Denne hausten byrjar vi å ta i bruk nasjonale løysingar for innbyggardialog via Helsenorge.no.

For innbyggarane våre vil det bety at tenestemottakar av kommunale helse og omsorgstenester eller pårørande for desse, får ein kanal for sikker digital dialog med ansvarleg for tenesteytinga, kan få oversikt over planlagde besøk, og få kvitteringar på utførte oppdrag. 

Innbyggar som vil ta i bruk løysinga må registrere seg i Helsenorge.no.

Om du ynskjer å lese meir om desse teneste, kan du lese KS si brosjyre om digital innbyggjardialog.

Saman med dei andre kommunane vil Volda kommune ta i bruk løysinga i kommunalt pleie og omsorgssystem i slutten av oktober, og byrjar med tenestene «matombering og praktisk bistand».

Meir utfyllande informasjon og dato for oppstart vil kome i oktober.

Fram til då ber vi om at innbyggarar som ynskjer å ta dette i bruk, les det som står på Helsenorge.no sine sider og registrere seg der, slik at dei har tilgong til å sende meldingar den dagen kommunane opnar dialogen. 

Ein god film som forklarar korleis ein kan samhandle mellom innbyggar og ansvarleg for tenestene kan du sjå i vidauget under: