Teststasjonen har 1-års jubileum i dag

14. september 2021 er det akkurat eitt år sidan vi hadde første dag med testing på teststasjonen i Hovdebygda.

På biletet f.v.: Aurora Topphol Midtflø, lege,  Johanne Halse Ressem, lege ved teststasjonen, Stein Aam, ordførar i Ørsta, Sølvi Dimmen, ordførar i Volda og Marte vaage Øie, kommuneoverlege i Ørsta.

Få hadde trudd at vi skulle halde på med dette så lenge for eit år sidan, men no ser det ut som vi må halde på ei stund til framover.

Testing er ikkje noko folk synast er kjekt, men vi gjer det vi kan for at det skal være så enkelt som mogeleg for folk å teste seg samt få raske svar.

Prøvene våre vert analysert i Molde og der er det stort sett god kapasitet. Vi transporterer prøvene tatt før lunsj med eigen bil til Molde, og desse kan oftast få svar same kveld. Prøvene som blir tatt etter lunsj køyrer med sjukehustransporten på ettermiddagen og svartida blir då litt lengre, som oftast dagen etterpå. Svartida vår avhenger av kva tid dei mottek prøvene frå oss, kapasiteten på laboratoriet og kor mange prøver dei får frå dei andre kommunane dei analyserer for.