Tid for å søkje om spelemidlar

Klikk for stort bileteFoto: Tore Sørheim

 

Tilskot frå spelemidlane til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv for 2020 - Rullering av handlingsprogram for 2020

For å kunne søkje om tilskot frå spelemidlane til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i nye Volda kommune for 2020 må prosjektet vere med i kommunen sitt handlingsprogram.

Det kan søkjast innan anleggskategoriane:
•    Anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv
•    Nærmiljøanlegg

Aktuelle søkjarar kan vere idrettslag, velforeiningar, grendalag, aksjeselskap, stiftelsar, studentsamskipnader, kommunar, fylkeskommunar m.fl. 

Handlingsprogrammet skal vedtakast av kommunestyret den 12.12.2019, og  frist for å melde inn nye prosjekt til dette programmet er sett til: 01.10.2019. 

Forslag til nye prosjekt og omtale av desse skal vere skriftlege og sendast som brev eller e-post til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda eller postmottak@volda.kommune.no