Tilbodet i dei kommunale barnehagane frå tysdag 20. april

Klikk for stort bilete Volda kommune  

Alle kommunale barnehagar er opne frå tysdag 20. april.

Dei ytre rammene for opningstida er 08.00 – 15.00. Innanfor desse rammene har borna opphaldstid på 6 timar per dag.

Det vert gitt utvida tilbod til born der begge foreldra har samfunnskritiske funksjonar. Det må dokumenterast at foreldra har slik samfunnskritisk funksjon, og det må dokumenterast at begge har arbeidstid innanfor utvida opningstid.

Av omsyn til krava til smittevern, har barnhagane ikkje mogelegheit til å gje tilbod om utvida tilbod til andre.