Tildeling av skuleplass skuleåret 2019/2020

Klikk for stort bilete

Det er sendt ut melding til alle som har fått tildelt skuleplass i Stor-Øyra krins.
Viss føresette med barn fødd i 2013 ikkje har fått melding, vert dei bedne om å ta kontakt med oppvekssjefen.

Kva skule skal barnet byrje på?
Det er den folkeregistrerte adressa som i utgangspunktet ligg til grunn ved tildeling av skuleplass.

Skal de flytte før skulestart eller barnet skal ta til på ein privat skule, ber vi om at det blir gitt melding til skulen i god tid om dette.

Førskuledag og informasjon frå skulen
I mai kjem skulen og SFO til å ha ein besøksdag for dei som skal ta til på skule. Til vanleg vert dette organisert i samarbeid mellom skulen og barnehagen barnet går i. Viss barnet ikkje går i barnehage, er det fint om de tek kontakt med skulen og gjer avtale om besøksdag.

Skulefritidsordning
Søknadsfristen til SFO er i år 15. april. Alle som ynskjer det får plass i SFO. Informasjon om korleis de søker finn de her. Her finn de også informasjon om opningstid, betaling og oppseiing.

Kulturskulen
Informasjon om kulturskulen finn de her. Informasjon om søknad finn de her. 
Søknadsfristen er 1. mai.

Regelverk for tildeling av skuleplass
Elevar har rett til å gå på den næraste skulen eller den skulen i nærmiljøet som dei høyrer til. Det er bestemt i opplæringslova § 8-1 første ledd.

Tildeling av skuleplass er eit enkeltvedtak som de har høve til å klage på. Fylkesmannen i Møre og Romsdal er klageinstans, men ein klage skal sendast til oppvekstsjefen i Volda kommune.

Ta kontakt med oppvekstsjefen viss de treng meir informasjon kring retten til å klage.

Meir informasjon
Opplæringslova opnar for å søke om å gå på annan skule enn nærskulen. Ein slik søknad skal sendast til oppvekstsjefen.

Ved fleire spørsmål de ikkje finn svar på, er de velkomne til å ta kontakt med skulen eller opplæring og oppvekst.

 

Med helsing
Per Ivar Kongsvik
oppvekstsjef