Tiltak på Årneset Volda kommune Fredag 8 juli har våre mannskap gjennomført dei endringane som har vore drøfta vedkomande Årneset badeplass og flytebrygga. Dette er gjort: Flytting av flytebrygga om lag 5 meter nærare land, men ikkje så nært at vi få problem i høve djupte. Korta inn kjettingar slik at brygga vert liggande på minimum 4m djupne ved sterk austavind. Lenging av sikringsline med ny badebøye ytterlegare 40m mot aust. Montert ny badestige (i tillegg til eksisterande) på andre langside av flytebrygga for betre tilkomst for symjande. Attståande: Montering av varselskilt – desse er ikkje ferdige. Publisert 11.07.2022 09:38 Sist endra 11.07.2022 10:23