Treng du å låne sports- og friluftsutstyr i sommar?

Klikk for stort bilete

Hornindal utstyrsbank og BUA Volda held ope gjennom heile sommaren. 

Opningstider:

  • Hornindal utstyrssentral: tysdag og torsdag kl. 10.00-13.30

  • BUA Volda: måndag, onsdag og fredag kl. 13.30-17.00

 

Hornindal utstyrsbank

Hornindal utstyrsbank held til i Grobygget ved badestranda på Grodås, inngang frå parken ved scena. Kom og lån det du treng til teltturen, sykkelturen eller fisketuren. Det er heilt gratis! Vi har eit breidt utval tur og friluftsutstyr, blant anna ulike typar telt, soveposar, fiskeutstyr, Via-Ferrata klatreutstyr og syklar for store og små.  

Komplett liste over utstyr finn du på Honndalsportalen, sjå under Hornindal utstyrsbank: http://www.hornindal.com/lag-og-organisasjonar

Ved lån av vassportsutstyr, som kano, kajakk og SUP, må låntakar vere over 18 år. Yngre personar kan bruke utstyret under tilsyn av vaksne. Vi gjer merksam på at den som skal bruke kajakk må ha gyldig våttkort.

BUA Volda

BUA Volda held til i Telebygget (inngang frå oppsida) og har til gratis utlån mykje bra sports-og fritidsutstyr. 

Lyst ut i naturen, man manglar utstyr? Kom og lån alt du treng til teltturen, sykkelturen eller fisketuren. Sove under open himmel? BUA har hengekøyer med myggnett! Ein heil gjeng? Lån ein lavvo!  Vi har også fleire kajakkar til utlån, enkle og doble. 

Obs:  BUA-ordningane har krav om våttkort for alle som låner kajakk.

Sjekk ut kva vi har i www.bua.io, og/eller stikk innom og finn det du treng.  Alle som låner må ha ein låneprofil i BUA, denne oppretter du fort og greit her: bua.io/registrer

Det kjem meir kjekt utstyr i løpet av sommaren, følg med!

Vi har ope: måndag, onsdag og fredag kl 14.30-17.00.  Heile sommaren!