Trygg skuleveg. Klipp hekken!

Klikk for stort bilete

 

 

Eit nytt skuleår tek til og borna skal ut på vegen. Volda kommune ber huseigarar om å klippe hekkar og annan vegetasjon i tomtegrense mot fortau, gater og vegar.

Skuleveg og trafikktryggleik

I desse dagar er det mange som er opptekne av alle skuleborna som skal ut og ferdast i trafikken. Kanskje for fyrste gong åleine. Noko som ofte vert gløymt, er faren for påkøyrsel grunna manglande sikt og synlegheit. Dette gjeld og for større born, vaksne og mellom køyrety.

Kommuner og Statens vegvesen går i desse dagar ut og oppmodar grunneigarar om å ta ein kontroll på sine hekkar, tred og anna vegetasjon langs tomtegrensa. Dette kan hindre sikt og difor vere farleg for gåande og syklande spesielt. Det kan og medføre fare for kollisjon mellom køyrety.

Mange stadar i kommunen er dette regulert og vedteke klare retningsliner for. Dei fleste stadar har ein ikkje høve til å la vegetasjon verte høgare enn 50cm over vegbane. Dette er spesielt viktig inn mot kryss, men og langs gang/sykkelvegar då vegetasjonen hindrar bruken av breidda på vegen/gangvegen. I tillegg vert det vanskeleg å gjennomføre snørydding og vedlikehald langs dei offentlege vegane.

Fleire har fått varsel om å gjere tiltak på sin eigedom. Nokre har gjort dette, medan andre har latt vere. I yste konsekvens kan kommunen få arbeidet utført for deretter å sende rekninga til grunneigar. Dette ønskjer ikkje kommunen og truleg heller ikkje den enkelte grunneigar. Vi vil difor innstendig oppmode dei dette gjeld om å ta det ansvaret ein har som grunneigar å utføre arbeidet sjølv.

Kommunen ønskjer og å minne om at det er forbode å parkere på gang og sykkelvegar, der det er skilta med parkeringsforbod, samt inn mot kryss. Vi går mot ein haust med mange flotte opplevingar anten det er ny skule eller for å nyte den flotte naturen vi har kring oss. Vær med å gjer kvardagen betre for dei små, dei syklande og for oss alle. Klipp hekken eller trea som gjer kvardagen farleg!

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Informasjon frå Statens vegvesen.
https://www.vegvesen.no/_attachment/672801/binary/1278186?fast_title=Klipp+hekker+og+busker+-+bokm%C3%A5l.pdf