Tysdag 25. juni vert Storgata forkøyrsveg

Klikk for stort bileteHer vert det forkøyrsveg frå og med tysdag 25. juni klokka 10.00. Joakim Rødven Endringane trer i kraft klokka 10.00, og gjeld frå krysset ved Sjøgata og opp til rundkøyringa.

I april vart det vedteken endringar av skiltplanen i Volda sentrum, som mellom anna gjer at delar av Storgata vert omgjort til forkøyrsveg.

På bakgrunn av dette vedtaket kan kommunalteknisk sektor no stadfesta at frå tysdag 25. juni 2019, klokka 10.00, vil dei nye endringane tre i kraft.

Fartsgrensa frå nedst i Storgata og opp til rundkøyringa over samfunnshuset vil verte 30 km/t.

Volda kommune vil oppmode trafikantar til å vise ekstra merksemd i den første tida etter starten på den nye skiltplanen.

Her finn du heile skiltplanen for Volda sentrum, ytre del: Skiltplan - Volda sentrum-20190402 (PDF, 2 MB)

Klikk for stort bileteDet vert vikeplikt for bilar som skal inn på Storgata heilt frå Sjøgata og opp til rundkøyringa på oppsida av samfunnshuset. Joakim Rødven