Utsending av faktura - eigedomsskatt

Klikk for stort bileteKrav om innbetaling av eigedomsskatt for 1. halvår 2019 er no på veg ut til både digitale og ordinære postkasser.

Det er seks (6) vekers klagefrist etter ein har motteke faktura. 

Dei som har vald digipostlevering vil få skattesetel/faktura tilsendt til si digitale postkasse.

Per 2019 er satsen for eigedomsskatt sett til 2,0 promille for alle eigedomar i kommunen.

Rekning for eigedomsskatten vert fordelt på 2 terminar med forfall i mars og september.

Fristen for å betale inn kravet for 1. halvår er 31. mars 2019.

Eigedomsskattelister for 2019 er lagt ut til offentleg ettersyn.

Om du har spørsmål om eigedomsskatt? Les meir her!