Utsending av faktura for eigedomsskatt

Klikk for stort bileteKrav om innbetaling av eigedomsskatt for 1. halvår 2020 er no på veg ut til både digitale og ordinære postkasser.

Du som har eigedom i tidlegare Hornindal kommune og Bjørkeområdet vil i tillegg få eigen skattesetel med utfyllande informasjon om takst og taksering.

Generell reduksjon for bustadar og fritidsbustadar

Nytt av året er at regjeringa har innført ein generell reduksjon i eigedomsskattegrunnlaget på 30 % for bustadar og fritidsbustadar. Du som har hatt eigedomsskatt tidlegare vil nok derfor oppleve å få ein reduksjon i eigedomsskatten i år. Dette gjeld i hovudsak for våningshus og fritidsbustadar. Du som har ein ordinær bustad der vi får grunnlaget frå Skatteetaten vil oppleve minimal skilnad frå i fjor då det også tidlegare var ein reduksjon her, men då på 20 %. Grunnlaga frå Skatteetaten blir i tillegg årleg justert mot generell prisauke på bustadar.

Det er inga endring når det gjeld næringseigedom.

Det er seks (6) vekers klagefrist etter ein har motteke skattesetel/faktura og du som har vald digipostlevering vil få skattesetel/faktura tilsendt til di digitale postkasse.

Volda Kommunestyre vedtok å skrive ut eigedomsskatt for all eigedom i heile kommunen. Skattesatsen er sett til 2,0 promille i tidlegare Volda kommune og område Bjørke (tidlegare Ørsta kommune), og 1,0 promille for tidlegare Hornindal kommune.

Rekning for eigedomsskatten vert fordelt på 2 terminar med forfall i juli og november. Fristen for å betale inn kravet for 1. halvår er 31. juli 2020.

Om du har spørsmål om eigedomsskatt? Les meir her!