Utvida opningstid i barnehagane

Klikk for stort bileteDei kommunale barnehagane har som mål å utvide opningstida gradvis og kontrollert. Frå måndag 18. mai vert opningstida difor utvida med ½ time.

Den ytre opningstida blir då frå 08.00 til 15.30, der borna får tilbod om 6,5 time opphald. Dette blir opningstida fram til 8. juni. Austefjord barnehage vil innanfor ytre opningstid 07.45 – 15.45 kunne tilby 7 timar opphald pr dag. I mellomtida vil det bli gjort nye vurderingar kring vidare auke i opningstida gjeldande frå 8. juni.

Det er på bakgrunn av erfaringane med drifta dei siste vekene samt noko større handlingsrom i den reviderte smittevernrettleiaren at ein finn utviding av opningstida forsvarleg.