Vaksinasjon i nye lokale

Klikk for stort bilete

Torsdag 6. mai var første dag i nye varige vaksinelokale i Voldahallen. Systemet har fungert fint her oppe, det har vore god flyt og lokalet har fungert bra, seier vaksinekoordinator Toril Høydal. 

Biletet fv.: Toril Høydal, vaksinekoordinator og leiar Volda helsestasjon saman med Hilde Ørstavik Lundberg, helsesjukepleiar.

Med seg i organiseringa av lokalet har ho Hilde Ørstavik Lundberg som har gjort ein framifrå jobb med å få alt på plass. Dei har fått god hjelp av Styrk som har rigga lokala og fått på plass stolar, bord, skilleveggar i tillegg til å vere parkeringsvakt.  

Vaksineteamet har med seg mange gode hjelparar på laget. Sanitetslaget, studentar og tidlegare helsepersonell er nokon av dei som trufast stiller opp.

Denne veka er det personar i prioriteringsgruppe 5 som har fått første dose, i tillegg til eldre personar som har fått si 2. dose. Vi har berre mottatt Pfizer-vaksine.

Alle skal møte i Voldahallen

Ikkje alle hadde fått med seg at vaksinelokalet vart flytta frå mai månad, eller dei har ved ein feil i datasystemet fått SMS der det er oppgitt feil oppmøtestad. Det gjekk heldigvis fint og vart ordna slik at alle kom fram til Voldahallen og fekk vaksinen sin.

Vidare vaksinering

I veke 19 vert det vaksinering onsdag 12. mai frå kl 14.00. Då får resten av gruppe 5, gruppe 6 og ein del av gruppe 7 første dose. Når denne veka er omme vil det stå igjen om lag 100 personar i gruppe 7 som ikkje har fått vaksine.

I veke 20 startar vi å gi 2. dose til dei som tidlegare har fått Astra Zeneca-vaksine, i tillegg til resten av gruppe 7.

Vidare veit vi ikkje sikkert då dette er avhengig av kor mange vaksinedoser vi får tildelt.

Dette er prioriteringsgruppene (FHI har definert desse)

  • Gruppe 1: Bebuarar i sjukeheim
  • Gruppe 2: Alder 85 år og eldre
  • Gruppe 3: Alder 75-84 år 
  • Gruppe 4: Alder 65-74 år og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp
  • Gruppe 5:  Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 6: Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 7:  Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar/tilstand
  • Gruppe 8: Alder 55-64 år 
  • Gruppe 9: Alder 45-54 år

Når vert det min tur?

Det er mange som vil planlegge sommarferie og lurer på kor langt vi har kome med vaksineringa i Volda. Vi veit ikkje nøyaktig kva tid det vert din tur. Det vil vere avhengig av kor mange doser vi får. 

Dersom du er redd for å gå glipp av vaksinetimen din fordi du planlegg å reise vekk på ferie, så kan du vite at du kan utsette oppstart av vaksinasjonen din. Du kan ta kontakt og utsette timen din dersom du skulle få innkalling medan du er på reise. Dette kan du ordne ved å logge inn på helsenorge.no når du får innkalling.

Når du får første dose, må du planlegge slik at du kan få andre dose etter 12 veker same stad som dei fekk første dose. 

Når du får første dose, må du planlegge slik at du kan få andre dose etter 12 veker same stad som dei fekk første dose. Dette gjeld for dei som tilhører prioriteringsgruppe 8, 9 og 18-44 år.

Helse- og omsorgsdepartementet har etter råd frå Folkehelseinstituttet beslutta å utvide tidsintervallet mellom første og andre dose av mRNA-vaksiner (BioNTech/Pfizer og Moderna) mot Covid-19. Intervallet er utvida frå 6 til 12 veker for å sikre at fleire får koronavaksine så tidleg som mogleg.

Dei som har hatt korona, skal berre ha ei dose. 

Det er nye reglar om karantene for dei som er vaksinert: https://www.fhi.no/nyheter/2021/lettelser-i-karantene-for-vaksinerte/

Dei som har hatt korona må gje beskjed til vaksinatør om at dei berre skal ha ei dose.