Vaksinasjonen i Volda held fram med gode hjelparar

Klikk for stort biletePå torsdag 11. februar var det ny vaksinedag på Volda samfunnshus. 

I mottaket møtte vi Hilde Ørstavik Lundberg, helsesjukepleiar Volda helsestasjon, Oddny Vatnehol, tidlegare personalkonsulent, no pensjonert og Karin Heggen, tidlegare skulesjef i Volda kommune, no pensjonert. 

Toril Høydal,vaksinekoordinator og avdelingsleiar ved Volda helsestasjon, melder om at vaksinasjonsdagane har gått veldig bra og alle som har fått tildelt vaksinetid har møtt opp og fått vaksine. Dei har møtt presis til timane sine og fulgt gode råd om påkledning noko som har gjort at arbeidet har gått smidig og lett. 

I Volda er det framleis gruppe 2 som vert vaksinert i tillegg til 20 % kritisk helsepersonell. Gruppe 2 er dei som er 85 år og eldre. I tillegg vart det torsdag vaksinert nokre få personar som er 84 år. Totalt vart det vaksinert 120 personar.

Neste veke skal vi vaksinere gruppa på 85 år og eldre på Hornindal legekontor. I løpet av neste veke vil vi truleg også komme i mål med dose nr 2 til alle som bur på sjukeheim. Det er ein milepel mange har sett fram til.

Registrering ved sjukepleiar Hilde Ørstavik Lundberg - Klikk for stort bileteHilde Ørstavik Lundberg, helsesjukepleiar ved Volda helsestasjon. Her registrerer ho dei som tek vaksine.

Vaksinestasjon Ida Johanne Ringdal, student og Mariann Dyveit Brekke spesialsjukepleiar - Klikk for stort bileteDei som kjem for å ta vaksine er i trygge hender. På denne stasjonen treff vi Ida Johanne Ringdal som er student. Ho registrerer dei som tek vaksine. Mariann Dypveit Brekke, spesialsjukepleiar, pensjonert frå Volda sjukehus. Ho har arbeidd på kreftpolieklinikken som ho var med på å bygge opp. 

Ida Johanne Ringdal studerer barnevernspedagog på 2. året. Ho er ein av  fleire studentar som har sagt ja til å stille opp og vere med på vaksinasjonslaget heile vegen til sommaren.

Klikk for stort biletePå vaksinestasjonen heilt bak i lokalet fann vi Bjørg Henriksen, tidlegare avdelingsleiar og sjukepleiar på Volda sjukehus, no pensjonist. Hanna-Sølvi Lillås, har arbeidd 45 år i bank, no pensjonert. Ho vart spurt om å stille gjennom Sanitetslaget som svarte at dei sjølvsagt ville stille opp og hjelpe til under vaksineringa i Volda.  

Oppmøtestad for vaksine

Vi har fått spørsmål om kvifor vi ikkje set opp vaksinedagar rundt om i bygdene. Dette har med type vaksine å gjere. Den vaksinen vi har tilgjengeleg er svært sårbar for temperaturendringar så det er vanskeleg å frakte vaksinen  på ein sikker måte.