Vaksine til deg som ikkje er folkeregistrert men oppheld deg i kommunen

Klikk for stort bilete

Du som oppheld deg i kommunen over lenger tid, men ikkje er registrert som innbyggar eller har fastlege i Volda, har rett på å få vaksine i kommunen.

Du kan få tid for vaksinering når vi kjem til den prioriteringsgruppa som du høyrer til. For at vi skal vite om deg og kalle deg inn når det er din tur må vi ha beskjed. Dei som er over 65 år og ikkje folkeregistrert i Volda kan ta kontakt. 

  • Skal du ha prioritet på grunn av sjukdom og auka risiko, må du be fastlegen din sende oss ei melding om dette. Fastlegen kan sende meldinga til Volda og Ørsta legevakt som ein dialogmelding-forespørsel.
  • Om du skal ha prioritet på grunn av alder, kan du sjølv ta kontakt med vaksinetelefonen og registrere deg når det nærmar seg at det er din tur. No i starten vil dette berre vere aktuelt for deg som er i prioriteringsgruppa vi har kome til. I veke 15 har vi kome til aldersgrupe 65-74 år, i tillegg til dei som har underliggande tilstand/sjukdom med høg risiko.

https://www.volda.kommune.no/beredskap/vaksinasjon/vaksine-til-deg-som-ikkje-er-folkeregistrert-men-oppheld-deg-i-kommunen/