Vaksinerekord med 806 doser sett!

Hilde Ørstavik Lundberg hadde all grunn til å smile! Når vaksinelokalet stengte for dagen, kunne ho fortelje at ny vaksinerekord med 806 doser var sett torsdag 13. januar!

Då vaksineteamet starta vaksineringa kl 12.00 torsdag 13. januar, hadde dei 760 personar på lista med timeavtale for vaksinering. I tillegg er det opna for drop-in vaksinering mellom kl. 14.00-19.00. Dei var spent på om det var mange som ikkje kom på grunn av uvêret som herja.

Vaksineteamet var godt førebudd, og det var sett opp ein ekstra vaksinestasjon i lokalet. No tilbyr kommunen både Pfizer- og Modernavaksine. Dei som er over 30 år kan velje kva dei vil ha. For dei som er under 30 år er det Pfizer som er anbefalt. Dette gjeld no både damer og menn. Alle under 18 år må ta Pfizer, dei kan ikkje velje.   

Bilete av det etterkvart erfarne vaksineteamet - Klikk for stort bileteBilete av det etterkvart erfarne vaksineteamet.

Vaksineteamet består av ein solid gjeng med dyktige folk. Det er ei god blanding av sjukepleiarar, hjelpesjukepleiarar, studentar, frivillige og andre som har meldt seg for å bidra i pandemiarbeidet. Alt går straumlinefoma, trygt og effektivt føre seg. Her kan alle kjenne seg godt ivaretatt. 

Før dørene opna fekk vaksineteamet orientering om logistikken for dagen og organiseringa av dei fem stasjonane. Nye som har kome til vart ønskt velkomen til teamet, så var dei klar til å ta imot alle som ville ha vaksine. - Klikk for stort bileteFør dørene opna fekk vaksineteamet orientering om logistikken for dagen og organiseringa av dei fem stasjonane. Nye som har kome til vart ønskt velkomen til teamet, så var dei klar til å ta imot alle som ville ha vaksine.

 Gitte Edvardsen, leiar på Volda helsestajon, orienterte teamet. - Klikk for stort bileteGitte Edvardsen, leiar på Volda helsestajon, orienterte teamet.

Hilde Ørstavik Lundberg, som har vore med heilt frå starten, og som har ei ekstra rolle i vaksinearbeidet, gjekk gjennom planane for dagen.   - Klikk for stort bileteHilde Ørstavik Lundberg, som har vore med heilt frå starten, og som har ei ekstra rolle i vaksinearbeidet, gjekk gjennom planane for dagen.   Alt ved inngangsdøra vert folket møtt og trygt leia vidare dit dei skal.  - Klikk for stort bilete 

Alt ved inngangsdøra vert folket møtt og trygt leia vidare dit dei skal. Nokon var i tvil om kva vaksine dei burde velje. Dei fekk god hjelp av sjukepleiar Hilde Ørstavik Lundberg.  - Klikk for stort bilete Her står Britt Støve og tek imot. 

Nokon var i tvil om kva vaksine dei burde velje. Dei fekk god hjelp av sjukepleiar Hilde Ørstavik Lundberg.  Dersom du også er i tvil, kan du sjå denne videoen som Folkehelseinstituttet har laga.Vel inne i hallen er det registrering.  Her vert Irene Berknes registret av pensjonist Oddny Vatnehol, før ho slepp vidare inn i lokalet. På registreringsposten ved sidan står Kirsti Mork Aamås. - Klikk for stort bilete 

Vel inne i hallen er det registrering.  Her vert Irene Berknes registret av pensjonist Oddny Vatnehol, før ho slepp vidare inn i lokalet. På registreringsposten ved sidan står Kirsti Mork Aamås.

Etter registreringa står Sanitetslaget klar til å vise veg til rett stasjon. Her står pensjonist Anne Mari Falkevik klar til å hjelpe. - Klikk for stort bileteEtter registreringa står Sanitetslaget klar til å vise veg til rett stasjon. Her står pensjonist Anne Mari Falkevik klar til å hjelpe.I bodene bak sit det fleire som trekk opp sprøytene (dette biletet er tatt ein annan dag på vaksinestasjonen).  - Klikk for stort bilete 

I bodene bak sit det fleire som trekk opp sprøytene (dette biletet er tatt ein annan dag på vaksinestasjonen). Her er Mariann Dypveit Brekke og Harald Kleppsvik i arbeid. 

På vaksinestasjonane vert det registret kva vaksine du får og så vert vaksinen sett av ein sjukepleiar. Dei som registrerar er studentar, pensjonistar eller andre som har meldt seg for å bidra i pandemiarbeidet.  - Klikk for stort bilete På vaksinestasjonane vert det registret kva vaksine du får og så vert vaksinen sett av ein sjukepleiar. Dei som registrerar er studentar, pensjonistar eller andre som har meldt seg for å bidra i pandemiarbeidet. 

På denne stasjonen var tidlegare sjukepleiar, no pensjonist, Solfrid Teigen saman med Torjus Engeset Voldsund. Han melde seg som tilgjengeleg då han var ferdig i forsvaret og hadde litt ledig tid før vidare skulegang. - Klikk for stort biletePå denne stasjonen var tidlegare sjukepleiar, no pensjonist, Solfrid Teigen saman med Torjus Engeset Voldsund. Han melde seg som tilgjengeleg då han var ferdig i forsvaret og hadde litt ledig tid før vidare skulegang.

På denne stasjonen var Martha Liaskar saman med Bjørg Henriksen, begge er pensjonerte sjukepleiarar som har meldt seg for å bidra i pandemiarbeidet. Martha fortel at ho har jobba 40 år på medisinsk avdeling på Volda sjukehus. Ho har gledd seg til kvar dag ho skulle på arbeid. Då har ein verkeleg funne eit yrke ein har trivast i, seier ho. - Klikk for stort biletePå denne stasjonen var Martha Liaskar saman med Bjørg Henriksen, begge er pensjonerte sjukepleiarar som har meldt seg for å bidra i pandemiarbeidet. Martha fortel at ho har jobba 40 år på medisinsk avdeling på Volda sjukehus. Ho har gledd seg til kvar dag ho skulle på arbeid. Då har ein verkeleg funne eit yrke ein har trivast i, seier ho.Etter at vaksinedosa er sett, vert ein trygt følgt til ventesona, der ein må vere i 20 minutt til observasjon. Det er både frivillige og sjukepleiarar som ser til at ingen får reaksjonar etter vaksina.   - Klikk for stort bilete 

Etter at vaksinedosa er sett, vert ein trygt følgt til ventesona, der ein må vere i 20 minutt til observasjon. Det er både frivillige og sjukepleiarar som ser til at ingen får reaksjonar etter vaksina.  

Dei som har behov får lov til å ligge bak her når dei får sett vaksina. Om nokon har lett for å besvime vert dei plassert i stol med kvit sløyfe, like i nærleiken av madrass der dei også kan få legge seg ned. - Klikk for stort bileteDei som har behov får lov til å ligge bak her når dei får sett vaksina. Om nokon har lett for å besvime vert dei plassert i stol med kvit sløyfe, like i nærleiken av madrass der dei også kan få legge seg ned.

Så er det berre å sette seg ned og vente i 20 minutt då, og kanskje legge ut "ein post" og skryte litt. - Klikk for stort bileteSå er det berre å sette seg ned og vente i 20 minutt då, og kanskje legge ut "ein post" og skryte litt.

Når tida har gått får du hjelp til å finne vegen ut. Her står Aud Osdal frå Sanitetslaget trufast på post. Denne gangen for å hjelpe med å opne døra. Denne posten handlar vel så mykje om å hindre felles kontaktpunkt som å yte service.  - Klikk for stort bileteNår tida har gått får du hjelp til å finne vegen ut. Her står Aud Osdal frå Sanitetslaget trufast på post. Denne gangen for å hjelpe med å opne døra. Denne posten handlar vel så mykje om å hindre felles kontaktpunkt som å yte service. Gitte Edvardsen, leiar Volda helsestasjon og vaksineansvarleg, har all grunn til å smile og vere stolt av det dyktige vaksineteamet sitt! - Klikk for stort bilete

Gitte Edvardsen, leiar Volda helsestasjon og vaksineansvarleg, har all grunn til å smile og vere stolt av det dyktige vaksineteamet sitt!