Vaksinering i veke 15

Klikk for stort bilete Pixabay.com Alle med høg risiko og alle ned t.o.m. 71 år har no fått tilbod om vaksine. Nokre på 70 år vil også få tid for vaksinering denne veka.

Torsdag 15. april er det 388 personar som skal vaksinerast. Vi vaksinerar no personar i gruppe 4. Dette er personar i alderen 65-74 år og personar med underliggande sjukdomar/tilstandar.

Alle med høg risiko og alle ned t.o.m. 71 år har no fått tilbod om vaksine. Nokre på 70 år vil også få tid for vaksinering denne dagen. I veke 17 skal vi få 426 vaksinedosar av Comirnaty Pfizer-vaksinen. Vi kjem truleg ned til alder 65 år denne veka. (Oppdatert 22.04.21)

Til deg som får innkalling til vaksinasjon:

Hugs å logge deg på helsenorge.no for å stadfeste at du vil møte opp til vaksineringa. Merk at vaksineringa skjer på Volda samfunnshus ut april, sjølv om du kan ha fått SMS med informasjon om å møte i gamle Voldahallen. Dette gjeld først frå mai månad. 

Helsenorge.no åtvarar mot svindelforsøk

Du treng ikkje å bruke linken som er tilsendt i SMS eller e-post. Gå direkte til helsenorge.no og logg deg på direkte frå denne sida. Då kan du vere trygg på at du ikkje klikkar på falske meldingar med svindelforsøk.