Vaksinering på sjukeheimen ved Hornindal omsorgssenter
Janne Elin Gausemel.
Seksjonsleiar Liv L Muldsvor vart den første av kritisk helsepersonell som fekk covid -19 vaksine i Hornindal. Ho får vaksinen sett av Sigrid Saanum som er seksjonsleiar ved Pile-/Kleppetunet. Foto: Janne Elin Gausemel
Volda kommune har mottatt 25 vaksiner denne veka. Torsdag 14. januar vart pasientane på sjukeheimen ved Hornindal omsorgssenter vaksinert, i tillegg til nokon som er kritisk helsepersonell. I morgon skal resterande 5 vaksinedosar bli gitt til kritisk helsepersonell.
I veke 3 får vi ny forsyning og resten av bebuarane på sjukeheim på Volda omsorgssenter skal få vaksine. Vi skal også starte å vaksinere dei som bur i omsorgsbustad denne veka.
Publisert14.01.2021 13.54
Sist endra14.01.2021 16.14