Vaksinering torsdagar i januar

Kart som viser veg til vaksinestasjonen på Voldahallen - Klikk for stort bileteParkering ved vaksinelokalet/Voldahallen er reservert for rørslehemma.
Alle andre må parkere på "Steinrøysa", innkøyring Engesetvegen 33. Følg anvisningane frå parkeringsvaktene.

Drop-in vaksinering

  • Det er drop-in vaksinering torsdagar i januar kl 14.00-19.00. Du kan kome og få vaksine utan å bestille tid. Dersom du er usikker på om det har gått 20 veker sidan siste dose, kan vi hjelpe deg med å finne det ut når du kjem til vaksinestasjonen.
  • Oppmodar om at flest mogleg bestiller time for å få betre oversikt og spare tid vaksinedagane

3. vaksinedose

Personar mellom 45-64 år har blitt innkalla til 3. vaksinedose ein av desse dagane:

  • 20. januar
  • 27. januar

Alle over 18 år kan bestille time til dose 3/oppfriskingsdose dersom det har gått minst 20 veker sidan dei tok dose 2.

Sjå meir: Koronavaksine