Vaksineringa 15. april skal vere på Volda samfunnshus

Klikk for stort bilete

Nokon av dei som har fått melding om tid for vaksine 15. april har fått oppgitt feil oppmøtestad. I meldinga står det Voldahallen. Dette er feil. Vaksinelokale er på Volda samfunnshus ut heile april månad.

Frå og med mai vert vaksinelokalet flytta til Voldahallen. 

Vi nyttar samtidig høvet til å minne om informasjon til deg som har fått vaksinetime: 

  • Dersom du har feber må du ringe 70 05 89 65 og gje beskjed om at du ikkje kan møte til oppsett tid.
  • Du må kunne forplikte seg til å ta andre dose når det har gått 6 veker (gjeld Pfizer-vaksinen).
  • Må du flytte timen ringer du 70 05 89 65 (kvardagar kl 12-16). 
  • Bekledning – ha på deg klede som gjer det lett å nå overarma der vaksina skal bli sett.
  • Ta med gyldig legitimasjon
  • Du må vente 30 minutt i vaksinasjonslokalet etter at du har fått vaksine
  • Vaksina er heilt gratis for alle

Merk: Vaksinasjonstelefon er for å flytte timar og for praktiske spørsmål. Om du har spørsmål om eigen helse og vaksinering må du ta kontakt med fastlegen din. Telefonen er open kvardagar kl 12-16.