Vasslekkasje i Brenslene

Klikk for stort bileteGrunna vasslekkasje vert vatnet og veg stengt i Brenslene 14. oktober.

Det er avdekt ei vasslekkasje i Brenslene. Kommunen må reparere denne i morgon, onsdag 14. oktober, og vil stenge ned vatnet til dei som bur frå Brenslene 3 til 16. Vatnet vert stengt frå kl. 8.30 og til lekkasjen er utbetra.

Abonnentar i dette området bør tappe vatn i flasker til drikkevatn og i bøtter til å nytte ved toalettbesøk. Vi veit dessverre ikkje kor lang tid det tek å utbetre denne lekkasjen.

Etter at vatnet har kome tilbake vil det kunne vere brunt vatn. Lat då kaldt vatn renne til det blir klart. Unngå å bruke varmt vatn då dette kan skade varmtvassbehaldaren. For spørsmål kontakt teknisk vakt 901 78 008.

Vegen blir stengt ved Brenslene 5, dei som bor ovanfor må køyre opp i Raudmyrvegen. Bommen blir opna.