Ver varsam, det er tørt ute

Det er i tidsrommet 15. april til 15. september forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark.
Heile året er det ulovleg å gjere opp eld på ein slik måte at det kan føre til brann, dette gjeld også i private hagar.

Klikk for stort bilete

Det har siste tida våre svært lite regn og høge temperaturar utandørs, dette har gjort at det er svært tørt i terrenget fleire stadar i fylket. Det har ført til fleire utrykkingar til gras og lyngbrannar siste tida.

Brannsjefen oppmodar derfor om at ein er ekstra varsam om ein skal gjere opp eld i eigen hage eller på innmark.

Viktige ting å tenke på når ein skal brenne bål og/eller grille:

  • Avstand til brennbar vegetasjon.
  • Kva kan antenne? Fare for gneistar i lufta?
  • Vindretning og vindstyrke.
  • Har eg tilgang på tilstrekkeleg sløkkemiddel om det skulle vere behov?
  • Ikkje forlat området før bålet/grillen er sløkt og kald.
  • Det er den som har tent opp som er ansvarleg for at elden ikkje kjem ut av kontroll.

Varsle brannvesenet ved bålbrenning (TLF: 70 11 99 99)