Vi er klare for festkonsert i Propellhallen!

Klikk for stort bileteLaurdag feirar vi vår nye kommune. Her er alt du treng å vite om arrangementet.

Allereie tidleg i haust starta komiteen for kulturbygging å planleggje ei markering av at Hornindal og Volda frå 01.01.2020 vart ein ny, felles kommune.

I det høvet har komiteen jobba hardt for å stelle i stand eit flott arrangement for innbyggjarane i den nye kommunen.

Her er nyttig informasjon om både arrangementet og praktiske ting knytt til den store dagen.

Når og kvar?

Arrangementet vil halde til inne i propellhallen i Volda sentrum, som ligg i Industrigata 17.

Konserten startar klokka 15.00 og varer fram til om lag klokka 18.00 (inkludert ei pause i midten).

Om du treng ein påminnar, kan du huke av at du deltek på festkonserten si Facebook-hending!

Kva kostar arrangementet?

Festkonserten er heilt gratis! Det vil også verte servert kaker og kaffi til frammøtte.

Det er plass til om lag 600 personar i salen, så vi oppmodar dei som ynskjer å kome om å vere tidleg ute.

Kven skal opptre?

Desse aktørane skal i aksjon i løpet av arrangementet:

  • Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester
  • Stella Birthe Polland
  • Kirsten Ose
  • Morkakoret
  • Kviven Duo
  • Sindre Løvik og Sigrid Tønnesen
  • Beady Belle
  • John Inge L. Bjøringsøy og Arild Andenes
  • Bygdlesfeber
  • STEMT
  • Kviven Spelmannslag

I tillegg skal programmet verte leia av Torunn Lødemel Stokkeland, som også skal ha sine eigne innslag.

Parkering

Det er få parkeringsplassar med direkte tilknytning til propellhallen. Vi oppmodar derfor dei som køyrer til arrangementet om å parkere ved nærliggande parkeringsplassar som er opne for ålmenta - eller la bilen stå heime om mogleg.

Om arrangementet

Kulturbyggjng har vore eit viktig tema i arbeidet framfor kommunesamanslåinga. Ei eiga nemnd har vore i arbeid i to år, og oppdraget med å arrangere den store festen, er det siste.

Og denne januarettemiddagen er det dette som vert løfta høgt. Vi samlar oss om det som bind oss saman og som skaper samfunn: kulturen.

Det heile skjer i propellhallen, som er rigga for storkonsert med vellyd denne dagen. Arrangementet er også gratis å delta på.

Aktørane til festkonserten er henta frå heile "nye" Volda, med god breidde både i sjanger, grad av profesjonalitet og alder.

Stjernekamp-aktuelle Beate Stellevoll Lech, Beady Belle, kronar det heile. I samband med konserten i regi av jazzklubben same kvelden, har vi fått låne henne for høvet.

Både start og avslutning av festkonserten er vigd dei musikalske røtene, folkemusikken.

Både Kviven duo og Kviven spelemannslag har funne kvarandre gjennom Kvivstunnelen.

Frå Bjørke bidreg pianist John Inge Leira Bjøringsøy, som finn godt tonen i lag med Arild Andenes på trompet.

Bygdene våre har fostra mange talent, Siv Aurdal har røtene sine inne i fjorden, og denne dagen er det med Austefjordidentitet ho syng i lag med koret sitt, STEMT.

Sindre Løvik representerer Dalsfjorden, og i lag med Sigrid Tønnesen dreg han Johnny Cash heilt inn i det kommunale festselskapet.

Frå Folkestad skal vi verte smitta av Bygdlesfeber, og Mork stiller med heile Morkakoret.

Volda har noko så storveges som eige symfoniorkester, dette er vi så stolte av at vi har bestilt ekstra stor scene så alle seksti skal få plass i lag med harpespelaren frå Hornindal, Stelle Birte Poland.

Vi skal ikkje kjenne oss heilt trygge for om det kan kome sidespark frå grannekommunen, etter som Kirsten Ose står på plakaten, den som finn vegen til Propellhallen 11. januar får sjå!

Festprogrammet vert knytt saman av skodespelar Torunn Lødemel Stokkeland frå Hornindal, og det ryktast at ho har lagt ekstra omtanke i kostymet for høvet.

I pausen vert det servering av fest-kake og kaffi, og me håpar at det byr seg gode høve til å mingle, prate og verte betre kjende.

I festkomiteen sit, forutan Arild Andenes, som er særskilt hyra inn som primus motor og driven arrangør, Odd Harald Sundal frå fellesnemnda, Astrid Gjersdal og Ola Berset Ulvedal frå høvesvis Volda og Hornindal frivilligsentralar, Anett Mari Bugjerde, eldsjel frå Hornindal og Sigurd Tverberg frå Ungdomsrådet i Volda.