Vi har ledige vaksinasjonstimar torsdag 22.juli!

Klikk for stort bileteOm du tidlegare har vorte innkalt, kan du bestille time på helsenorge.no. 

På helsenorge.no kan du endre timen din til 22. juli dersom du er kalla inn til seinare time. 

Du kan også ringe vaksinasjonstelefonen 70 05 89 65 for å bestille time. 

Om du arbeider i skule eller barnehage i Volda, men er folkeregistrert i annan kommune og ikkje har fått tilbod der, kan du ringe vaksinasjonstelefonen for å bestille time til vaksinasjon i Volda. 

Det er også mogleg å bestille time til vaksinasjon 29. juli, 5. august eller 12. august.